Forside:Vågå kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Vågå kommune
Jutulporten i Prestberget (Jutulberget) i Vågå, rett opp frå bygdesenteret Vågåmo. Staden er kjend frå eventyret om Jutulen og Johannes Blessom (Asbjørnsen og Moe). Foto:Hans P. Hosar 2013.

Vågå kommune er ei fjellbygd og ein kommune i Innlandet fylke, den nest austlegaste av dei fire Ottadals-kommunane Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Vågå grensar til følgjande sju kommunar, etter tur frå nord mot aust, sør og vest: Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Øystre Slidre, Vang og Lom. Bygda ligg opp mot Dovrefjell, Valdresflye og dei austlege delane av Jotunheimen. Næringslivet er tradisjonelt jordbruksbasert med utstrekt bruk av dei store utmarksområda, både til utøving av primærnæringar og til reiseliv og fritidssyslar. Kommunesenteret er Vågåmo. Ein person frå Vågå blir kalla vagvér. Kommunevåpenet med reinsdyrmotivet viser både til utmarksnæringar (tamreindrift og jakt) og til Per Gynts bukkeritt over Besseggen, som ligg innan kommunegrensene.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Gravdalen
Foto: Arnfinn Kjelland (2014)

I Gravdalen i Vågå, heilt nord mot grensa til Lesja kan ein finne ei unik samling av gamle fangstanlegg for villrein.

Gravdalen er ein om lag 4 km lang dal som går frå eit skard mot Gjerdingsdalen på sørsida og til Skjervedalen på nordsida. Skardet i sør er på om lag 1500 m.o.h. og Gravdalsåe renn nordover ut i Skjerva på om lag 1140 m.o.h.. Båe grenseelvene, Gjerdingåe og Skjerva, renn i til dels bratte og uframkomelege gjel, noko som gjer at villreinen som beitar i området må krysse Gravdalen på vandringane mellom dei austlege og vestlege beiteområda. Dette har freista dei gamle fangstfolka til å bygge ei rad fangstanlegg langs dalen.   Les mer …

Wilhelm Andreas Wexelsen
Wilhelm Andreas Wexelsen (fødd 8. april 1828 i Ringsaker, død 1904 i Kristiania) var teolog, grundtvigianar og sokneprest i Eid og Oppdal. Han var farbror til den kjende statsråden og biskopen Vilhelm Andreas Wexelsen (1849-1909). Foreldra var Wexel Hansen Wexelsen (1784-1867), som var forvaltar ved Hadelands Glasværk, og Marie Lovise f. Wexels (1793-1873). Ho var syster til den kjende grundtvigianske presten Wilhelm Andreas Wexels (1797–1866), som Wilhelm Andreas Wexelsen var mykje hjå i studietida. Hans søster var Marie Wexelsen (1832–1911)   Les mer …

Caroline Halvorsen.
Foto: Ukjent; faksimile fra Meyer (1943): Norske kvinner.
Caroline Ingeborg Halvorsen (født i Vågå 16. april 1853, død i Oslo 15. november 1926) var en pioner innen håndarbeidsundervisning, som lærer ved Den kvindelige Industriskole og forfatter av en rekke lærebøker og håndbøker. Bøkene har hatt stor utbredelse i Norge, Sverige og Finland. Halvorsen medvirket sterkt til å få gjennomført en systematisk og ensartet håndarbeidsundervisning i skolene over hele landet.   Les mer …

Vågå kyrkje.
Foto: Kai Hansen
(2011)

Vågåkyrkja er ei korskyrkje som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var Werner Olsen. Kyrkja erstatta ei gamal stavkyrkje med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta tårnhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. Ho er soknekyrkje for Vågå sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Vågå prestegjeld.

Ved bygginga vart det nytta trevirke frå den gamle kyrkja i den nye. Vi finn utskorne veggplankar frå gamlekyrkja oppsett ved hvoudinngangen til nykyrkja. Dørringen kan vera frå mellomalderen. Sørportalen er litt avskoren i øvre kanten, truleg for at han skulle passe inn i veggsystemet i nykyrkja. Utskjeringane i delane frå gamlekyrkja blir tidfesta til 1100-talet.   Les mer …

Martinus Høgåsen (midten) på arbeidarstemne på Hundorp i 1928. Dei to andre på biletet er Hans Baukhol og O.Broløkken
Ola Martinus Høgåsen (fødd 2. august 1900 i Grue, død 1964 i Vågå) var lærar, politikar, folkeminnesamlar, lokalhistorikar, nynorskforkjempar, diktar og sakprosaforfattar. Han blir oftast omtala berre som Martinus Høgåsen. Høgåsen gjorde seg sterkt gjeldande på ei lang rad samfunns- og kulturområde, mest regionalt i Gudbrandsdalen, men også på landsbasis. Han var norskdomsmann og sosialist. Han gjekk mykje i bunad, og omsette «Internasjonalen» til nynorsk. Det meste av yrkeslivet sitt verka han i Gudbrandsdalen (Nord-Fron og Vågå). I båe desse kommunane var han politisk aktiv for Arbeidarpartiet. I Nord-Fron var han mellom anna varaordførar i seks år, og i Vågå var han ordførar 1946-1951. Han var ein markant og aktiv motstandar av tyskar- og NS-regimet 1940-1945. Frå 1945 til han gjekk bort var han redaktør for Årbok for Gudbrandsdalen.   Les mer …

Minnesteinen
Foto: Arnfinn Kjelland
Gravsteinen over Georg Sinclair
Foto: Arnfinn Kjelland
Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Vågå kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar